Faun Naturforvalting AS vart oppretta i 2002.
Faun Naturforvaltning AS er eit spanande kompetansesenter for utmark og naturbasert næring. Vi har kontorstad i Fyresdal, Telemark, noko som passar fint for oss som har oppdrag over heile Noreg. Fagmiljøet vert ytterlegare styrka av at vi delar næringsbygg med planselskapet AT Plan.
Faun Naturforvaltning er eit firma i vekst. Vi er no 9 personar frå 28-57 år, med ulik utdanning og erfaring. Fagfolka våre har bakgrunn i mellom anna biologi, hydrologi, naturforvaltning, viltforvaltning, samfunnsfag og reiseliv. Vi har lang erfaring frå varierte oppgåver innan natur- og arealforvaltning, og vi vidareutviklar vår kompetanse kontinuerleg gjennom kurs og vidare utdanning. Vi har eit godt nettverk av fagfolk med spesialkompetanse innan tilliggjande fagområde. Desse blir innleigde etter behov.
Interessa for kompetanseområda våre er stor. Vi har ei aukande mengd oppgåver over heile landet. I menyen finn du hovudarbeidsområda våre. Her finn du utfyllande informasjon. Nye innfallsvinklar og andre typar oppdrag er sjølvsagt også interessante for oss!
Vi er godkjend i høve til kvalitetssikringssystemet ISO 9001. Godkjenning og verifisering av systemet vårt blir gjort av Det Norske Veritas.
Ta gjerne kontakt for meir informasjon!