Forvalting av innlandsfisk er eit av områda vi har mest erfaring med. Sørnorsk Økosenter hadde dette som eit av sine hovudarbeidsområde med oppdrett av settefisk, kalking av forsura innlandsvatn etc.
Vi ynskjer å hjelpe til med å utvikle og ta vare på desse ressursane for framtida gjennom driftsplanprosessar, rådgjeving og utgreiingar.
Ved revisjon av vasskraftkonsesjonar kan vi tilby sekretariatstenester og fagkunnskap. Vi har også erfaring i arbeid knytt til EU's vassrammedirektiv.
Det er behov for eit enklare verktøy for å kunna gje råd om drifta av mindre fiskevatn. Eit omfattande prøvefiske har i mange tilfelle vist seg å vera for ressurskrevjande. Mange vatn har fått ny fiskebestand etter kalking og bruk av settefisk. Ein veit i dag alt for lite om produksjonsevna til slike vatn, og om korleis vatna bør drivast for å halde vatna attraktive for sportsfiske.
Ny fiskereiskap, som storruse, har skapt ny interesse for fiskeressursane i dei store innsjøane. Ei viktig utfordring vil vera å kome fram til eit uttak som gjev eit økonomisk optimalt utbytte. Dette utbyttet er mellom anna avhengig av storleiken på fisken. I mange vatn er fisken i dag alt for liten til å kunne gje noko grunnlag for eit økonomisk lønsamt fiske. Faun Naturforvalting ønskjer å følgje opp dette, med prosjekt og analyse av prøvefiske og fiskefangstar.
Vi utfører:
Aketun Fisk får konsesjon for røyeoppdrett. Vi gratulerer!!
Revisjonssak for Finndølavassdraget
Utkast til revisjonsdokument for Tokke-Vinje
Faun Naturforvaltning har nå kompetanse for bruk av databasen "Vannmiljø"
Tiltaksanalyse for Tokke-Vinjevassdraget