AT Plan
AT Plan sin arealplanavdeling i Fyresdal leverar tenester til oss innan digitalisering av data og framstilling av kart. Dei bistår også med kompetanse om planprosessar og lovverk.
AT Plan har spisskompetanse på feltet, er oppdatert på utstyr og programvare og kan dermed levere kvalitetsprodukt til oss.
Inatur
Jämtlands Flyg AB
I alle våre radiomerkingsprosjekt har vi brukt Jämtlands flyg AB for å fly helikopter ved immobilisering av vilt.
Selskapet har lang erfaring med slikt arbeid og held kostnadene med flyging nede gjennom å utføre dette vanskelege arbeidet svært effektivt.
Ravn Webveveriet AS
Ravn leverar vår internettløysing
Veterinærconsult AS
Utfører immobilisering av vilt i våre radiomerkingsprosjekt.
Svært dyktige veterinærar med lang erfaring innan immobilisering av vilt både frå bakken og helikopter
Her finn du ei liste over nokre av våre viktigaste samarbeidspartnarar.
I samband med større prosjekt og oppdrag er desse til stor hjelp for oss og bidreg med spisskompetanse vi ikkje innehar. Gjennom dette samarbeidet kan vi levere best mogeleg tenester til våre kundar.