Fyresdal Næringshage, 3870 Fyresdal
Tlf. 35 06 77 00
Fax 35 06 77 09
E-post: post@fnat.no

nyheter

Vest-Telemark brosjyra er ferdig!

Faun har på oppdrag frå Fyresdal kommune hatt prosjektleiinga for årets Vest-Telemark brosjyre. Brosjyra inneheld informasjon om aktivitetar, matservering og overnatting i regionen. Du finn og ein arrangementskalender der alle små og store hendingar i Vest-Telemark er lista opp.

Nytt i år er at brosjyra er dela inn etter tema. Tidlegare har kvar kommune hatt nokre sider kvar. Dette har gjort arbeidet med årets brosjyre meir omfattande, men resultatet er vi nøgde med! Vi har og hatt gleda av å bruke den nye Vest-Telemark logoen som gjev brosjyra ei flott ramme. I tillegg har ivrige prosjektdeltakarar funne fram dikt og ordtak som passar fint med dei flotte bileta frå regionen.
 
Brosjyra er distribuert til alle husstandar og hyttefolk i Vest-Telemark og Hjartdal og blir elles å finne på turistinformasjonar i og utanfor regionen. Den vil og bli satt ut på bensinstasjonar i Danmark. Brosjyra er trykt på norsk og engelsk.
 
Nyt sommaren i Vest-Telemark!
 
Sjå brosjyra her:  http://faun-m.ravn.no/up/gen/2010/05/18/Vest-Telemark_2010_norsk_lavoppl..pdf
 

 

Kontakt

Monica Sølyst