Bruk og verdiskaping i utmark er eit satsingsområde for Faun og AT Skog. Forprosjektet "Naturbasert reiseliv i Agder og Telemark" er i oppstartsfasen og Faun har for å styrke sin kompetanse på området tilsett Monica Sølyst. Ho har lang erfaring i prosjektleiing og erfaring frå reiseliv.
Monica har dei seiste åra jobba med ulike utviklingsprosjekt for Fyresdal kommune. Blant anna Interreg prosjektet "BESST" der ho samarbeida med Svenske og Engelske delprosjekt. Ho har også jobba med reiseliv av ulikt slag og ikkje minst erfaring frå drift av "Fyresdal Event" som leverte naturbaserte aktivitetar til reiselivet.
Monica vil komplettere og styrke vår kompetanse på dette fagområdet og vi ser fram til å få henne i drift frå årsskiftet. Kontorstad blir Fyresdal.