Fyresdal Næringshage, 3870 Fyresdal
Tlf. 35 06 77 00
Fax 35 06 77 09
E-post: post@fnat.no

nyheter

Radiomerka elgar i Gardermoenområdet ligg no ute på internett

Nå ligg alle våre radiomerka elgar ute på internett. Ved å gå inn på Dyreposisjoner. no kan alle følge dyra sine vandringar.

Nå ligg alle våre radiomerka elgar i Gardermoenområdet ute på internett. Ved å gå inn på http://www.dyreposisjoner.no/ kan alle følge dyra sine vandringar frå sin eigen PC.

Posisjonane de får tilgang til er eldre enn 14 dagar. Grunnen til dette er at ein skal unngå misbruk av kjennskapen til kor dyra held seg.

For å komme inn må du registrere deg som ny brukar. Du får då tilgang til alle GPS merka dyr i landet.

Når du er innlogga klikkar du på "søk etter dyreposisjoner"

I søkeskjemaet på høgre sida vel du for eksempel alle posisjoner og linjer i mellom, og vel prosjektet "Elgmerkingsprosjektet i Akershus 2008-2013". Merk deretter individa du vil kikke på. Trykk så "Søk" og zoom inn.

 

Kontakt

Ole Roer

Se også

Radiomerking av elg