Faun Naturforvaltning har hovudansvaret for merking av 25 elg i området ved Gardermoen denne vinteren. Merkinga vart gjennomført i veke 6 og var vellukka trass i dårleg vær. I artikkelen finn du lenke til NRK Østlandssendingens reportasje frå merkinga
Faun Naturforvaltning har hovudansvaret for merking av 25 elg i området ved Gardermoen denne vinteren.
Merkinga vart gjennomført i veke 6 og var vellukka trass i dårleg vær.
Elgane blir merka med GPS som registrerar posisjonen to gonger i timen. Posisjonane vert deretter sendt på SMS slik at ein har kontinuerleg oversikt over kor dyra oppheld seg.
Prosjektet har blant anna som mål å undersøke effekten av overgangar som er bygd over jernbanen og E6 i området.
NRK Østlandssendingen har laga ein reportasje som vart sendt måndag 9.02.09. Følg lenka http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/159117